Kombinasjonsklassane skal førebu og kvalifisere deg til å starte i første året i vidaregåande opplæring (Vg1).
Opplæringa føregår på ein vidaregåande skule der du kan vere saman med jamnaldringar.
Elevane i kombinasjonsklassar brukar ikkje av retten sin til vidaregåande opplæring før dei faktisk startar på Vg1, sjølv om undervisninga går føre seg på ein vidaregåande skule.
Krav for å kunne søkje
For å søke inntak til dette tilbodet, må du ha eit A2-nivå i norsk munnleg og skriftleg før du startar.
Om du har eit lågare nivå enn A2, vil du ikkje få nok utbytte av dette året til å ta eksamen.
Om du ikkje har A2-nivå i norsk, rådar vi deg til å ta meir norskopplæring i kommunen din.
Slik søkjer du
Kommunar som har samarbeidsavtale med fylkeskommunen kan søke inn elevar på dette tilbodet. Du søkjer ved å fylle ut søknadskjemaet. Skjemaet vil opne i midten av januar.
Søknadsfristen er 1. februar.
Du får svar på inntaket samstundes med inntaket til vidaregåande opplæring. Det vil seie i juli.
Studiestøtte frå Lånekassen
Om du får tilbod om opplæring i kombinasjonsgruppe, kan du søke Lånekassen om studiestøtte. Pass på at du vel rett søknadsskjema:
- Søkjarar med rett til vidaregåande opplæring må velje søknadsskjema «vidaregåande opplæring»
- Søkjarar med rett til grunnskule må velje søknadsskjema «høgare og annan utdanning».
Søkjarar som får introduksjonsstønad har ikkje rett på studiestøtte. Sjå www.lanekassen.no for meir informasjon.