Hopp til hovedinnhold

Karriereveiledning høgare utdanning

mange piler i forskjellige retninger

Har du ikkje bestemt deg for framtidig yrke? Har du bestemt deg for hvilken jobb du vil ha, men vet ikkje hvilke studier som fører deg dit? Her er ein enkel oversikt over hvordan du finner fram i jungelen av valg.

Eit godt stad å byrja, uansett situasjon, er på Utdanning.no. Her vil du finna oversikt over studium som fører deg til det yrket du vil ha. Du finn også ut kor mange poeng du må ha for å koma inn der (basert på inntak året før) og ein karakterkalkulator der du kan rekna ut dine poeng.  

Om du ikkje heilt veit kva du vil bli, eller kanskje ser etter ein plan-b, er jobbkompasset (ein del av utdanning.no) eit svært nyttig verktøy. Her kan du snevre inn søket ditt ved å klikka på interessefelt. Du får då opp yrke, kan klikka på desse og sjå kva for studium som er relevante, løn i yrka, intervju med dei som har jobben no, samt informasjon om bedrifter. 

Der ein ser oversikt over karakterkrav på førre inntak, vil ein også kunne sjå kravkodar. Dette handlar om kva for fag ein må ha for å vera kvalifisert og/eller om det er spesielle opptak på dette studiet. Det kan for eksempel vera opptaksprøvar.

Søknadsfristar kan også vera forvirrande. 15. april er ordinær søknadsfrist for studium som søkast gjennom Samordna opptak. Der finst ein god del andre fristar på andre studium. Klikk deg inn for ein oversikt her.

Bestemt deg? Nokre av utdanningane har eigne søkeplattformer, men du kan søkja på dei fleste på Samordna opptak. Klikk deg inn her for å søkja i Samordna opptak.

Lykke til på reisa, og treng du meir rettleiing kontaktar du karriererådgjevar

Karriererådgjevar

Karriererrådgjevar kan du nå på telefon, mail og Itslearning.
Ta kontakt for en avtale.

Torhild Jordal

rådgjevar
Portrettbilde av personen som er beskrevet på visittkortet.