Hopp til hovedinnhold

Innføringskurs for minoritetsspråklege

Skal du ta vidaregåande utdanning, men må bli betre i norsk først? Då kan innføringskurs for minoritetsspråklege vere eit alternativ for deg. I kurset lærer du norsk og andre fag som gjer det lettare å starte på vidaregåande skule året etter. Kurset gir ingen formell kompetanse utover dette.

Gode kunnskapar i norsk språk og kultur er føresetnader for å lykkast i vidaregåande opplæring. Har du nådd nivået B1+ i norsk vil du ha godt grunnlag språkleg sett for å meistre undervisninga. Som elev i innføringsklasse får du prøve ulike metodar og strategiar for å lære, og du lærer deg studieteknikk. Du kan gå eit eller fleire år i innføringsklasse. Målet er at du skal bli klar for vg1 i vidaregåande skule. 

Kva er innføringskurs?

Er du nettopp kome til Norge, anbefaler vi deg å velje innføringskurset før du søkjer deg inn på Vg1.  Innføringskurset varer i eitt skuleår og gir deg ei grundig innføring i norsk. 

Du får også opplæring i andre fag som matematikk, engelsk, samfunnskunnskap, naturfag og kroppsøving.

Kan eg søke?

Du kan søke dersom du har fullført norsk grunnskuleopplæring eller tilsvarande og kan dokumentere det.

Du kan søke frå det året du fyller 16 år. Du må ha lovleg opphald i Norge.

Les meir om opplærig for minoritetsspråklege elevar.

Korleis søkjer eg?

Du kan søke plass på internettsida vigo.no. Brukarnamn og passord  får du i  MinID.

Viss du har mista MinID kan du ringe 800 30 300 eller sende e-post til brukerstotte@difi.no for å få ny.

Har du ikkje MinID, kan du sende søknad direkte til Opplæringsavdelinga.

NB! Søknadsfrist er 1. februar. 

Les meir om korleis du søker i søkjarhandboka, s. 39

Kombinasjonsklasse - treng du meir grunnskoleopplæring?

I kombinasjonsklassar gir vi deg opplæring i grunnskulepensum over eitt eller to år. Du avsluttar med grunnskuleeksamen. Det gir deg eit vitnemål med karakterar som du bruker for å søke inntak til vidaregåande opplæring. Slik konkurrerer du på lik linje med andre søkjarar.

Kombinasjonsklassane skal førebu og kvalifisere deg til å starte i første året i vidaregåande opplæring (Vg1).

Opplæringa føregår på ein vidaregåande skule der du kan vere saman med jamnaldringar.

Elevane i kombinasjonsklassar brukar ikkje av retten sin til vidaregåande opplæring før dei faktisk startar på Vg1, sjølv om undervisninga går føre seg på ein vidaregåande skule.

Krav for å kunne søkje

For å søke inntak til dette tilbodet, må du ha eit A2-nivå i norsk munnleg og skriftleg før du startar.
Om du har eit lågare nivå enn A2, vil du ikkje få nok utbytte av dette året til å ta eksamen.

Om du ikkje har A2-nivå i norsk, rådar vi deg til å ta meir norskopplæring i kommunen din.

Slik søkjer du

Kommunar som har samarbeidsavtale med fylkeskommunen kan søke inn elevar på dette tilbodet. Du søkjer ved å fylle ut søknadskjemaet. Skjemaet vil opne i midten av januar.

Søknadsfristen er 1. februar.

Du får svar på inntaket samstundes med inntaket til vidaregåande opplæring. Det vil seie i juli.

Studiestøtte frå Lånekassen

Om du får tilbod om opplæring i kombinasjonsgruppe, kan du søke Lånekassen om studiestøtte. Pass på at du vel rett søknadsskjema:

  • Søkjarar med rett til vidaregåande opplæring må velje søknadsskjema «vidaregåande opplæring»
  • Søkjarar med rett til grunnskule må velje søknadsskjema «høgare og annan utdanning».

Søkjarar som får introduksjonsstønad har ikkje rett på studiestøtte. Sjå www.lanekassen.no for meir informasjon.