Hopp til hovedinnhold

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta blir gjerne omtala som barn og unges «bedriftshelseteneste». Dette er ein gratis, lett tilgjengeleg og «drop-in» teneste på skulen. Skulehelsetenesta tilbyr rettleiing, helseundersøking og oppfølging. Skulehelsetenesta har teieplikt, og samarbeider med heimen, skulen og andre hjelpeapparat der det er nødvendig eller ønskeleg. Skulehelsetenesta er eit tilbod til alle elevane på skulen.

Helsesjukepleiarane våre

På skulen vår har vi to helsesjukepleiarar som vekslar på å vere på skulen. Du kan ta kontakt med Berit eller Hanna dersom du vil bestille time.

Hanna Giertsen

Helsesjukepleiar
Portrettbilde av personen som er beskrevet på visittkortet.

Berit Margrethe Sten Berg

Helsesjukepleiar
Portrettbilde av personen som er beskrevet på visittkortet.

 

Vi kan blant anna hjelpe med:

  • Livsstil: søvn, fysisk aktivitet, kosthald, tobakk og rusmidlar.
  • Kroppslege plager
  • Trivsel og psykisk helse (depresjon, angst eller sinne)
  • Spørsmål og seksualitet
  • Prevensjonsrettleiing og resept på hormonell prevensjon
  • Vektproblem, vanskar med mat og eting
  • Rusmiddelbruk hos deg sjølv eller nokon du kjenner
  • Bruk av anabole steroider
  • Vold eller overgrep
  • Test for kjønnssjukdom

 

Vi har opent alle dagar mellom 09.00-14.00.

Kontakt oss på mobil, It`s Learning eller stikk innom. Vi sitter saman med resten av elevtenesta i 3. etasje i bygg B, like ved vrimlearealet.