Hopp til hovedinnhold

Ei kulturell veke på Årstad VGS

Fem personer sittende på en scene

Dei siste sju dagane har vore innhaldsrike på Årstad VGS.

Førre torsdag delte vi ut litteraturprisen vår Gullkroken under LitFestBergen. Oliver Lovrenski vann prisen for debutromanen «Da vi var yngre».

Elevane Juliana, Alexa, Emilie og Thomas snakka med litteraturformidlar David om kvifor boka vann, kva inntrykk den gjorde på dei og kva boka kan bety for unge i dag. Det vart ein veldig fin samtale og elevane hadde mange reflekterte og interessante poeng.

Erlend Loe møtte opp òg. Han var nominert for boka «Drømmenes sykkelregister». Loe og David snakka om kvar han hentar idear til bøker og korleis han overtyder redaktørar om å få skrive absurde bøker (svaret: han treng ikkje spørje, han berre skriv dei).

På måndag var Hedda og Bjørn frå Vg3 Kunst, design og arkitektur med litteraturformidlar David på Bergen offentlege bibliotek. Se og les-konferansen, som er ein konferanse for barne- og ungdomslitteratur, vart arrangert der. Hedda, Bjørn og David snakka om korleis skulebiblioteket samarbeider med elevar for å auke leselyst. Hedda og Bjørn fekk mykje skryt av dei som møtte opp.

I går kom Oliver Lovrenski på besøk til skulen for å ta i mot litteraturprisen. Elevane snakka med Lovrenski om boka og om korleis det er å vere ungdom i dag. Lovrenski fekk ein blomsterbukett som vart laga på blomsteravdelinga vår og eit originalt kunstverk av Nora J i Vg3 Kunst, design og arkitektur.

I dag var Brynjulf Jung Tjønn innom for å snakke om diktsamlinga si «Kvit, norsk mann». Han snakka om rasisme, utanforskap og adopsjon. Det var veldig spennande og elevane fekk stille spørsmål til slutt.