Vi tilbyr tilrettelagt opplæring for elevar som har behov for det. Opplæringa er knytt opp mot eit utdanningsprogram og tar utgangspunkt i dei faga, eller delar av faga, som eleven kan meistre. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.
Tilrettelagt avdeling på Årstad, HTH – Kvardagsliv
Opplæringa er tilrettelagt for elever med store hjelpebehov, og med rett til omfattande spesialundervisning. Målgruppa er elevar som har trong for eit varig tilrettelagt omsorgstilbod.
Opplæringa er knytt opp mot utdanningsprogrammet Helse og oppvekst. Vi tar utgangspunkt i dei faga, eller delar av faga, som eleven kan meistre.
Avdelinga har base i skolens B – bygg, med tilpassa fasilitetar og gode klasserom. Elevane nyttar skulen sine spesialrom og fellesareal.
Overordna mål for opplæringa er:
Økt livskvalitet i bustad, arbeids- og dagtilbod, samt fritid. Kvar elev skal i størst mogleg grad kunne påverke si kvardag og ta sjølvstendige val.
Gjere elevane klar for det som kjem etter vidaregåande skule og legg stor vekt på sosialt samspel med sine omgjevnader.
Døme på tema i opplæringa:
- Samfunn og nærmiljø
- Friluftsliv
- Mat og helse
- Livsmeistring
Tilrettelagt på Årstad vgs - HTA
Tilrettelagt opplæring er eit tilbod til elever som ikkje kan følge vanleg opplæring, og som har behov for spesialundervisning. Opplæringa føregår i grupper med opp til 8 elevar, og med økt bemanning. Personalet jobbar i team rundt elevane. Opplæringa er målretta og tilpassa den enkelte elev.
Overordna mål for opplæringa er; økt livskvalitet i busituasjon, arbeids- og dagtilbod samt fritid. Kvar elev skal i størst mogleg grad kunne påverke sin kvardag og ta sjølvstendige val.
Vi tar utgangspunkt i dei faga, eller delar av faga, som elevane kan meistre. Elevane får tilbod om programfag og fellesfag. Fellesfaga er; norsk, matematikk, engelsk, naturfag, samfunnskunnskap og kroppsøving. Elevane har også Yrkesfagleg fordjuping. Denne føregår internt på skolen og eksternt i ulike bedrifter. Fellesfaga er tett knytt opp til programfaga. Elevane får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført etter avslutta skolegang.
Årstad vgs har lang og brei erfaring med å tilpasse opplæringa for elevar som treng særskilt tilrettelegging. Målet med opplæringa er å gje elevane god kompetanse og meistring med utgangspunkt i dei utdanningsprogramma vi tilbyr, og å gjere elevane klare for det som kjem etter vidaregåande skole.
Tilrettelagt opplæring på Årstad vgs blir gitt i utdanningsprogramma:
- Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign
- Handverk, design og produksjon
Noko for deg?
Lurer du på om Årstad vgs har eit tilbod til deg, eller til ungdommen din? Då kontaktar du rådgjevar på ungdomsskolen til eleven eller avdleingsleiar på Årstad, se kontaktinformasjon nederst.
Alle elevane i tilrettelagte grupper har vedtak om spesialundervisning. Søknadsfristen er 1. februar 2023.
Her finn du meir om inntak