Handverk, design og produktutvikling er for deg som er interessert i å arbeide med hendene og vil lære meir om mellom anna handverksteknikkar og ulike materiale. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.
Kvifor velje handverk, design og produktutvikling?
Er du kreativ, nyfiken og interessert i design?
Likar du å jobbe med hendene og utfordre deg sjølv?
Då kan handverk, design og produktutvikling vere det rette for deg.