Kantina ligg i A-bygget, opp ei trapp og rett fram. Me serverer gratis frukost kvar dag som består av havregraut måndag til torsdag og risgraut på fredag. Restar av påsmurt frå dagen før, brød og pålegg, også glutenfritt, pannekaker på onsdagen og overraskingar nokre dagar. Til sals har me ymse påsmurt (glutenfritt ved førespurnad) wraps med kylling , salatar og varmmat kvar dag. Vi har òg vegetaralternativ, pizzabaguettar, nudlar, heimebakte søtsaker som cookies og muffins Me serverer allergivenleg mat ved førespurnad tidleg på dagen. Vi tek imot betaling med kort.