Vi har ansvar for at alle finn seg til rette i opplæringa, og vil hjelpe til med personlege-, sosiale- og helsemessige vanskar som står i vegen for opplæringa. I elevtenesta får du også hjelp med spørsmål knytt til vidare skulegang og karriere.
Leiar av elevtenesta
Leiar av elevtenesta er bindeledd mellom skulen og eksterne instansar som PPT, politi, utekontakt, IMDI og barnevern.
Leiar har kontor i 3 etasje A-bygget, like ved resepsjonen.
Vi i elevtenesta arbeidar for at elevane blir ivaretatt på best mogleg måte på skulen. Det er eit godt samarbeid med elevrådet/skulemiljøutval og dei har eigen elevkontakt som støtte i elevrådsarbeidet. Elevkontakten hjelper og til med faglege og sosiale aktivitetar.
Leiar har som støtte i dette arbeidet fire mijøarbeidarar. Dei fungerar og som viktige samtalepartnerar for elevane i skuletida og deltek i tillegg i samarbeidsmøter med lærarar, i ulike klasser og i klassens time.
Karriereveiledning og sosialpedagogisk rådgjeving
Er det noko som hindrar deg i å lære? Då kan det vere klokt å kontakte rådgjevaren din.
Rådgjevar er ein god samtalepartnar og vil i mange tilfelle kunne gje deg gode råd. Rådgjevar veit også kor du kan få hjelp dersom det er aktuelt.
Samtalar med rådgjevar kan du avtale på førehand via e-post.
Iren Franzten
Rådgjevar for Teknologi, Elektro, HDP og FBIE
Iren Frantzen
adjunkt m/tilleggsutdanningIngrid Roald
Rådgjevar for Helse og oppvekstfag, KDA, Studiespesialiserande og Påbygg
Hege Stamnesfet
Rådgjevar for Innføring og Kombinasjonsklasse/spesialpedagog
Her kan du lese foreldreinformasjon om elevane sitt psykososiale skolemiljø
Miljøarbeidarar
Marita Andresen
Stefan Acimovic
Sinisa Komatina
Vladimir Jankovic
Elevrådskontakt
På Årstad videregående skule er vi opptatt av eleven si stemme og medverknad. Som Elevrådskontakt er det mi oppgåve å samarbeide med Elevrådet og Elevrådsstyret og legge til rette for eit godt elevdemokrati.
Nyttige lenker:
Alt om Elevråd: www.elevråd.no
EO Elevorganisasjonen: www.elev.no
Mangfaldsrådgjevar
Er du elev og synest det er utfordrande å leve med fleire kulturar? Vil du ein ting og familien din noko anna? Lever du eit dobbeltliv?
Mangfaldsrådgjevar jobbar for at unge menneske skal ha moglegheit til å bestemme over eigne liv.
Mangfaldsrådgjevaren har teieplikt og kan gje deg råd, samtalar og praktisk hjelp. Les meir om arbeidet til IMDi sine mangfaldsrådgjevarar
Marie er mangfaldsrådgjevarar på Årstad og har kontor i gangen saman med resten av Elevtenesta.
Velkommen innom!